Krafverket koker suppe!

En gjeng i Kraftverket har funnet ut at de vil koke suppe hver torsdag, og spesielt inviterte er papirløse i Oslo.

Hva er det dere har startet?
Vi har starta ein møteplass for folk som bur i Norge utan rett til å jobbe, studere eller få helsehjelp når dei blir sjuke. Papirlause. Det vil seie at dei ikkje har lovleg opphald i Norge. Nokre har fått avslag på søknad om opphald og er redde for å returnere, andre vil returnere til heimlandet, men politiet får ikkje returnert dei pga manglande id- papirer eller returavtaler. Mange av dei har levd i Norge i meir enn ti år.

Hvorfor er dette viktig?
Fordi dette er mennesker som lett kan bli litt usynlige i samfunnet vårt. Det er ei stor påkjenning å gå slik i år etter år og ikkje få starte på livet ditt. Vi ynskjer å lage eit miljø som ser den enkelte, og som kan vere ei støtte. Kanskje so enkelt som vennskap og god mat.

Hva sitter dere igjen med etter å ha hatt kveldsmatene?
At det er utruleg hyggelig og at det ikkje kjennes ut som eit arbeid, men som ei gåve å få vere med disse fine folka. Dette er folk med mykje ressursar. Vi har allereie fleire som har tilbudt seg å lage maten til torsdagskveldsen. Vi gleder oss til kurdisk og etiopisk mat!

Hvem har dere møtt til nå?
Vi har hatt fire samlingar og det har kome mellom to og sju personar.

Hva er planen videre?
Vi vil prøve å ha kvelds kvar torsdag. Også gjennom sommaren. Tanken er at vi til slutt har ein nokon lunde fast gjeng på 10-12 stk som kjem kvar torsdag.

Og hvis noen har skikkelig lyst å bli med på dette arbeidet, hva kan de gjøre da?
Ta kontakt med Jenny Konradsen 91685340 eller Liv Berit Gilberg 96237284.

Vi treng tre-fire frivillige kvar torsdag. Det et viktig at det er kontinuitet, at det alltid er eitt eller to kjente fjes dei møter. Vi vil prøve å få til ei informasjonssamling for alle som har meldt seg som frivillige rett etter ferien.