Hei Sigmund Vestrheim

Hei Sigmund! Kven er du?

Hei, eg er Sigmund Vestrheim. Eg er 23 år og kjem frå Øystese i Hardanger. Eg er utdanna musikar ved NLA her i Oslo, og jobbar som musikar og produsent og bur på Galgeberg i Oslo. Eg vaks opp med mykje musikk rundt meg, og det har utan tvil vore ein av dei største gledene i mitt liv. Eg vart oppfordra av trommelæraren min på Kongshaug Musikkgymnas (Bjørn Sæther) til å satse på musikken. Det har eg gjort. 

Kva gjer du mest av for tida? 

Eg sit for det meste og jobbar i studioet mitt, som eg deler med bandet mitt GiddyGang. Eller så står eg bak baren på vinbaren Becco. Utanom det så speler eg konserter, eller heng med vennar. 

Kva er forholdet ditt til Kraftverket?

Då eg var ferdig på Kongshaug følte eg meg litt ferdig med kyrkje og sånt. Hadde trua, men følte på at eg ikkje høyrde så veldig heime i kyrkja. Det er jo ganske dumt og ein litt kjedelig følelse å ha. Ein av dei siste dagane på Kongshaug hadde eg hadde ein samtale med ein kjekk type som heiter Andreas Oltedal. Vi snakka om dette og han oppfordra meg til å sjekke ut Kraftverket når eg følte meg klar. Så eg har visst om menigheten lenge. Ein søndag for eit par år sidan valgte eg og sambuaren min Sarah å ta turen. Og vi likte oss godt. Då min beste kompis Eric Tryland flytta til Oslo og han ville gå i Kraftverket var det endå lettare å ha det som kyrkje å gå til.

Kva engasjerer deg, sånn skikkeleg?

Det er jo musikken då. Eg er glad i skape og får kick av andre kreative folk. 

Kva er det kulaste du har opplevd som musikar?

Kanskje å spele på Coachella? 

Kva er yndlingssongen din akkurat no?

Veldig vanskelig å svare på. Det er så mykje bra musikk å velge i. Eg høyrer også veldig ofte på heile plater, og «Voodoo» av D´angelo er ei plate eg høyrer gjennom nesten kvar einaste dag. 

https://open.spotify.com/album/2lO9yuuIDgBpSJzxTh3ai8?si=h-Rsvp4RQ7aqu2L9-A6ImA